Næringsminister Cecilie Myrseth har vore stortingsrepresentant sidan 2017 og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet sidan 2019. Myrseth har tidlegare vore medlem av næringskomiteen og fungert som fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Ho var fiskeri- og havminister frå oktober 2023 til april 2024, då ho vart peika ut som ny næringsminister.
Myrseth kjem frå Harstad og er utdanna psykolog frå UiT Noregs arktiske universitet. Ho har lang røynsle frå Arbeidarpartiet og AUF, og har mellom anna vore leiar i Troms Arbeidarparti, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Troms og fylkesrådsleiar i Troms fylkeskommune.
Foredragshaldarar
Stordkonferansen byr på ei rekke gode foredragshaldarar frå næringsliv, samfunnsliv og akademia.
Cecilie Myrseth
Sylvi Listhaug
På dei siste meiningsmålingane har Frp segla opp som det største partiet og Sylvi Listhaug er no den ubestridte leiaren av opposisjonen på Stortinget.
Ho er oppvaksen på gard, kallar ein spade for ein spade og kjenner industrien på vestlandet godt.
Geir Aker
Kva kjenneteiknar generasjon Z – stemmer det at dei er late, krevjande og meir sjølvopptekne enn tidlegare generasjonar?
Dersom dette stemmer, korleis påverkar det korleis vi skal rekruttere, leie og ta vare på desse som tilsette? Kva kan vi gjere for å betre kommunikasjonen, forståinga og respekten for kvarandre?
Geir Aker har lang røynsle og har tidlegare jobba med barn og unge i Horten kommune. Han har ti års røynsle frå leiarutvikling i Forsvaret, og er mest kjend som Fenriken i Kompani Lauritzen.
Hilmar Mjelde
Me får eit lite knippe av "høgdepunkt" i presidentperioden så langt, samt tankar om kva vi kan vente oss framover. Korleis vil mellomvalet slå ut? Vil Trump få fredsprisen? Er USA blitt eit diktatur? Kva skjer etter Trump?
Hilmar Mjelde er professor ved Høgskulen på Vestlandet, og har doktorgrad i samanliknande politikk.
Astrid Kjellevold
Astrid har god kjennskap til kva som rører seg i næringslivet i Sunnhordland og vil i dag fortelje litt om korleis det eigentleg står til med industrien - kva moglegheiter og utfordringar ein står ovanfor.
Guro Rausand
Guro Rausand vart utnemnd til konserndirektør for New Build i september 2025 etter å ha leia Safeguarding sidan juni 2024. Rausand byrja i Aker Solutions i oktober 2023, etter å ha leia større prosjekt i OneSubsea. Før dette arbeidde Guro i 15 år i Aker Solutions, der ho leia subseaprosjekt over heile verda.
Rausand har ein mastergrad i maskinteknikk frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), inkludert tre år ved Institut National des Sciences Appliquées (INSA) i Toulouse, Frankrike.
Arne Hammer
Han har lang leiarerfaring frå industrien, mellom anna som administrerande direktør i Karsten Moholt, der han leia selskapet gjennom vekst og utvikling over fleire år.
Som leiar for verftet på Stord har Hammer ansvar for store utbyggingsprosjekt og eit internasjonalt industrimiljø i høg aktivitet. Han er oppteken av å vidareutvikle verftet i møte med energitransisjonen, der nye prosjekt innan elektrifisering, havvind og lågutsleppsløysingar spelar ei stadig viktigare rolle.
Roar Thon
Den tryggleikspolitiske situasjonen er vesentleg endra. Det utanforståande har vorte meir tenkjeleg og vedkjem alle norske verksemder, leiarar, tilsette og innbyggjarar. Vi har fått nok åtvaringar. Det er ikkje sikkert vi får fleire! Vi må gå frå ord til handling!
Brukar du PC, nettbrett eller mobiltelefon, er du eit digitalt mål. Det er uavhengig av kven du er, kva du driv med og kvar du bur. Uavhengig av kva du arbeider med i verksemda di, er du i andre sine auge vegen inn til verdiane i verksemda.
Kva den enkelte sjølv kan bidra med for å tryggje arbeidsplassen og gjere for å sikre seg sjølv og eigne digitale verdiar litt betre, er noko av det Roar Thon snakkar om i føredraget sitt.
Roar Thon er fagdirektør for Sikkerhetskultur i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet og prisvinnande foredragshaldar. Med over 1400 foredrag om sikkehet i NSM si teneste er han ein av dei mest etterspurte foredragshaldarane i landet.
Jon Askeland
Med regional utvikling, Grøn region vestland og satsing på vidaregåande skular har Vestland fylke vore offensive i tanken og set ord om til handling.
Kva tenkjer fylket om vegen vidare? Kva omstilling må til når oljeskattepakka nærmar seg slutten? Korleis kan næringslivet på vestlandet vere med å bidra til totalberedskapen?
Olav Kjellevold Olsen
Olav Kjellevold Olsen er professor i Arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen og professor II på Institutt for ledelse og organisasjon ved Handelshøyskolen BI.
Han har 26 års erfaring som offiser i Forsvaret, hovedfag i teologi og doktorgrad i psykologi frå UIB. Han er redaktør for boka "Når det gjelder som mest - Operativ ledelse og team i kritiske situasjoner" - ei bok som viser kva vi kan lære frå politi, forsvar og akuttmedisin, og korleis prinsippa for kriseleiing og gjeld for næringslivet.
Mathias Fischer
Fischer har bakgrunn som kommentator i Bergens Tidende og TV 2, og har òg vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Med erfaring frå både media, forvaltning og samfunnsdebatt viser han korleis samarbeid mellom næringsliv, politikk og kunnskapsmiljø er avgjerande for å lukkast med konkrete klimakutt og ny verdiskaping. Han peikar på kvifor innovasjon, tempo og handlekraft er heilt nødvendige for å forme framtida og kvifor tida for handling er no.
Sondre Olsen
Kva skal næringslivet på Vestlandet leve av framover? Kva er vi gode på og kva må vi gjere noko med? Dersom det er slik at når Vestlandet lukkast, lukkast Norge - Kvifor er det då så vanskeleg å få til ting som gjer at Vestlandet lukkast?
Sigbjørn Framnes
Framnes cruisar gjerne rundt med ferjer i regionen, men er og oppteken av brubygging. Han peiker på styrkane i regionen, frå industri og energi til leverandørverksemd, teknologi og små og mellomstore bedrifter - og korleis samarbeid og lokal verdiskaping er avgjerande for vidare utvikling av Sunnhordland.
Liv Kari Eskeland
Ho var ordførar i Stord i perioden 2007–2015, og har sidan hatt fleire roller på Stortinget, mellom anna innan energi, miljø, transport og kommunikasjon.
Eskeland har bakgrunn som sivilarkitekt og næringslivsleiar, og er særleg oppteken av rammevilkåra for industri og næringsliv på Vestlandet. Ho løftar ofte fram korleis politikk, infrastruktur og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre verdiskaping og nye arbeidsplassar i regionen.
Marius Knutsen
Knutsen kjenner industrien og næringslivet på Stord og vil sy saman dagen på ein framifrå måte!
Cecilie Tingvoll Hope
Ho har brei erfaring frå maritim næring og har vore sentral i utviklinga av ei satsing som kombinerer industriell kompetanse med nye, berekraftige løysingar for straum- og datakablar.
Tingvoll Hope er oppteken av korleis auka elektrifisering, digitalisering og tryggleik i kritisk infrastruktur skaper nye moglegheiter for vestlandsindustrien. Ho er ein tydeleg stemme for korleis regionale aktørar kan ta posisjon i ein marknad i sterk vekst.
Geir Kannelønning
Han har leia verksemda gjennom utvikling og vekst, og står bak ei drift som kombinerer restaurant, kafé og kulturarena i eitt levande bymiljø.
Kannelønning er oppteken av korleis gode opplevingar, lokalt næringsliv og attraktive møteplassar bidreg til stadutvikling og trivsel. Gjennom satsinga på Frugård har han vore med på å styrkje Leirvik som ein sosial og kulturell destinasjon i Sunnhordland.
Øyvind Harald Eskeland
Han har vore ein del av selskapet sidan 2016, og tok over toppleiarrolla i 2026 etter fleire år som finansdirektør, med solid innsikt i både organisasjonen og marknaden.
Eskeland har brei leiarerfaring frå industri og energiverksemd, mellom anna frå Wärtsilä og Aker‑systemet. Som leiar for Leirvik arbeider han med å vidareutvikle selskapet i møte med nye marknader innan offshore, havvind og framtidig industriell omstilling.
Andreas Remmen Evensen
Han har brei erfaring frå eigedom, bygg og prosjektutvikling, og har sentrale roller i fleire selskap innan investering, utvikling og drift av eigedom.
Gjennom Kontur-satsinga er Evensen med på å utvikle fleksible bustad- og innkvarteringsløysingar tilpassa prosjekt og industri over heile landet. Han er særleg oppteken av korleis effektive og skalerbare løysingar kan bidra til vekst, mobilitet og nye moglegheiter i regionen
Toralf Rutledal
Han arbeider i skjæringspunktet mellom offentleg sektor, næringsliv og forsvar, med mål om å styrkje samarbeidet om beredskap, kompetanse og industriell utvikling i regionen.
Rutledal er særleg oppteken av korleis den auka nasjonale forsvarssatsinga skaper nye moglegheiter for vestlandsindustrien, og korleis sivile og militære aktørar saman kan utvikle eit sterkare totalforsvar.
